Klokka er snart halv åtte, temperaturen er + 5 grader, det er overskya og regn. Eg har ikkje tatt bilde i dag, for eg reknar med at alle no har sett korleis den skitne snøen vår ser ut. Dessutan er det ganske mørkt ute. Gler meg til vi skal stille klokka på sommartid neste helg.
Har nettopp hatt ein lang prat med Rasmus i telefonen, han og gutane var heime "åleine", Wenche var med foreldra sine på hytta.
I dag har eg vore betre i form, og heile føremiddagen gjekk med til kakebakst og middagslaging. Må ha litt i hus til påska om det skulle kome eit menneske. Til middag i dag laga eg svinekotelettar, og dei gjekk ned på høgkant. Etter middagen slokna vi begge to-ei god stund.
Elles har eg strikka litt med lydbok på øyret. Det har ikkje hendt så mykje i dag-men det er heilt greitt; vi har det bra. Men no lengtar eg etter vår; ser på FB at våren er komen både her og der.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 14.november
Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
2 kommentarer:
God påske til deg og Nils!
Takk det same til deg og dine, Elin.
Legg inn en kommentar