lørdag, mars 19, 2016

Dagbok 2016: 19.mars

Klokka er ca 20.00. Temperaturen ute er + 4,4 grader C, det har vore regn og grått i heile dag.
Det har hendt veldig lite i dag, og det er like greitt. Eg har vore betre i hofta, men har tatt det med ro. Eg har for det meste strikka og høyrt lydbok. Til middag hadde vi spekemat og risgraut. Vi et mykje spekemat, har oppskjermaskina ståande på benken og tek oss litt saltmat anten til lunsj eller kvelds nesten kvar dag.
Til jul fekk vi ei såkalla pæreskinke i gåve, og då det vart slutt på den, kjøpte vi oss ei ny. Dei kostar litt, det er så, men sidan dei er beinfrie er dei veldig dryge. I tillegg har vi enno att spekepølse frå jul, men no minkar det. Vi plar ønske oss slike gåver som vi kan bruke opp på ein eller annan måte-skap og skuffer er fulle nok.
Vi var ein liten tur på butikken i dag, stakk berre nedom Kiwi. På Amfi er der så fullt om laurdagane, og veken Nils eller eg har godt av å trakke rundt på harde golv.
Eg har ein liten "hobby"-det er å strikke "restelester". Når eg har strikka fleire lestepar sit eg ofte att med restar i mulige og umulige fargar og tjukner. Så utfordrar eg meg sjølv til å få noko ut av restane før eg ev. kjøper meir garn. Som regel plar vi bruke desse lestane sjølve, men no hopar det seg opp her hos oss. Både Nils og eg brukar ullestar dag og natt, det gjer godt for gikta.
Eg vil ikkje legge opp til noko storarbeid, for då kan eg bli så ivrig at det går ut over helsa.
Når det ein gong vert bert, er det mykje å ta att ute, det var dårleg rydda i hagen sist haust på grunn av vêret. Snøen minkar no, men det er enno langt att til berre markar.
19.mars var bestemor Hilda sin fødselsdag. Ho var fødd i 1878. Siste gongen eg var med å feira henne, var i ho 90 år, men ho levde enda eit år etter det. Eg kan hugse den dagen ho fylte 70. Då hadde ho leigt fotograf som skulle ta bilde av seg og familien. Eg fekk lapp med meg på skulen der pappa hadde skrive spørsmål om eg kunne få gå heim tidlegare " i anledning bestemors fødselsdag"-eller noko i den dur. Hugsar at eg var litt kry av det fine " brevet" pappa hadde skrive. Eg gjekk i første klasse.
At eg sjølv begynner å bli gammal gjekk opp for meg i dag. Eg begynte å snakke om diverse personar på Eid, og då kom eg på at eg kjende tippoldeforeldra til nokre som bur her i gata vår.
Og noko som følgjer med alderen er at ein mimrar, meir og meir, om det som var ein gong.
Eg vil ønske god tur til alle som skal ut og reise på påska. Take care!


Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...