fredag, mars 11, 2016
Dagbok 2016: 11.mars
Klokka er 17.15, temperaturen er + 6,6 grader C, det er litt skya og disig men opplett og fint. Det har vore ein fin dag sjølv om ikkje sola har vore så mykje framme. Nils driv på og spadar i snøen ute for at den skal smelte fortare-tunet er så å seie bert no.
I dag har eg vaska igjen! Det var badet som fekk ein omgang i dag. Eg hatar å vaske dusjkabinettet, det er vanskeleg å få det så fint som eg vil. Eg må innrømme at eg ikkje lenger kan fare høgt og lågt med skulekost og tvoge, slik som i gamle dagar, det blir mest moppevask. Det får vere greitt nok! Eg er no glad så lenge eg greier å vaske sjølv. Det er ei tid for alt.
Vaska kjøkengolvet sidan eg hadde vaskebytta klar, men så var det slutt. Vi åt lunsj og tok oss ei kvilestund.
Om ei stund skal vi ete middag, i dag blir det pølser med poteter og rabbe, vi tek det lettvint.
Eg har eit strikkeprosjekt på gang, eit par restelestar, men no står prosjektet på vent mens eg lurer på om eg må kjøpe litt garn i tillegg til det eg har, eller om eg skal pruke av lageret sjølv om eg ikkje har rette fargen. Lestane blir sikkert veldig sterke sidan dei er strikka med dobbelt garn.
Det skjer ikkje all verda når vi går her heime og ruslar, så eg får avslutte med å ønske alle ei fin helg. I kveld blir det kanskje litt å sjå på TV-om det blir pause i sporten.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 5,oktober
Klokka er blitt halv seks på ettermiddagen og eg forstår ikkje kvar tida har gått, eg har stort sett site i ein stol framfor TV-en og strik...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar