tirsdag, mars 29, 2016

Dagbok 2016: 29.mars

Klokka er no 20.00, noko som er vanskeleg å forstå når sola skin ute-i alle fall litt. Temperaturen er + 5 grader C, og det har regna litt i løpet av dagen, men så er det meldt fint vêr og sol i morgon.
I dag rydda eg vekk påskepynt og påskedukar etc. Så støvsuga eg og vaska-ikkje til helga men etter.
Bodil sende melding i går kveld om at ho og Svein skulle køyre  eit par barnebarn til flyplassen i dag, og då ville dei komme oppom. Dei kom i halv firetida  og vi hadde ei koseleg stund med mykje prat. Det er ei stund sidan vi har vore i lag no.
Det ringde på døra og der kom gartnaren med ei stor og flott samanplanting. Den var frå familien på Kongsberg. No har eg mange vakre blomster og glede meg over.
Neste gong det ringde på var det ein ung afrikanar som samla flasker til idrettslaget.
No har Nils  stukke av på møte i SV og blir vel vekke ei stund. Eg skal lese litt, trur eg, eller sjekke om det er noko på TV som eg vil sjå.

2 kommentarer:

solveig sa...

Fin samanplanting! Kjekt med nye sortar!

Besta sa...

Plantane står godt til kvarandre fargemessig. Smakfull samanplanting etter mitt syn.