Klokka er 18.00, temperaturen er + 7 grader C og akkurat no er det fint vêr ute. Sola er framme så vidt det er.
Tidlegare i dag var det ikkje så fristande å gå ut, men no fekk eg lyst å ta ein tur. Nils har vore ute og spada litt i snøen i dag også.
Før middag sat eg og såg TV, noko eg aldri plar gjere på dagtid, og så strikka eg sjølvsagt.
Til middag hadde vi steikt laks.
Etter at vi hadde kvilt litt og drukke kaffi, laga eg til eit par kaker som vi skal ha i morgon. Då skal vi ha eit lite familietreff. Huset er ikkje så fint i orden som det var før i veka, men trur ikkje nokon bryr seg så mykje om det. det viktigaste er at vi får treffe alle som er heime på ferie og frå ferie.
Det skjer ikkje så mykje slike innedagar, og det er kanskje det beste.
Fortsatt god påske til alle!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 14.juli
Klokka er no18.15, temperaturen ute er +18 graderC og det er sol og litt vind. Vi har hatt ein fin dag. Eg var ikkje heilt i form då eg stod...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar