søndag, april 24, 2011

Vermelding 24.april - 2011

Klokka er snart 15.00. Temperaturen ca +20 grader, det er lettskya og det blæs.Deilig ver eigentlig.
Rasmus og fam. reiste med 10.00-ferja frå Volda. Det blir tomt i huset når alle fer, så då er det berre å sette i gang å rydde og styre så ein ikkje begynner å deppe.No ser her nokonlunde sivilisert ut igjen, det er ingen vits å stresse med for mykje rydding når ein har ein 1-åring gåande laus. Har vaska sengklede og hengt ut også, sjølv om det er påskedag. Ikkje fordi det hasta, men fordi det er eit fantastisk tørkever med sol og vind.Skogen blir grønare dag for dag og stadig fleire blomster kjem fram. Det er ei herlig tid.
Det har blitt litt for mykje av det gode denne påskeveka, og då meiner eg mat. I dag åt Nils og eg resten av ertersuppa frå langfredag+ to kakestykke som stod att i kjøleskapet -men så er det slutt! I alle fall på alt som heiter kaker! Trur eg. No ser det ut til at veret blir så fint at eg kan legge meg ut på solsenga og kvile middag. 
Fekk melding frå Rasmus i 13-tida , då var han på Vesterland (mellom Sogndal og Kaupanger)-det var leikepause.

2 kommentarer:

solveig sa...

Dei fekk no fint reisever. Kjekt å kunne stoppe å leike nokre stader undervegs. Vi hadde våre faste frå Trollveggen og sørover.

Hildegard sa...

Vemodig når nokon reiser, men det blir nok ikkje lenge før de tek turen nedover.

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...