onsdag, april 20, 2011

Vermelding 20.april - 2011

Klokka har passert 21.00 og snart er denne dagen over. Det har vore både skodde og grått det meste av dagen, men det kom seg utover dagen og kvelden. No er det opplett og + 9 grader C. I dag har det vore ein kviledag utan dei store hendingar. Vi har ete og prata for det meste. I kveld fekk gutane pakke ut påskeegga frå tante Solveig, og det var no stas. Til middag hadde vi hjortegryte. Eg hadde gjort den nesten ferdig på førehand og sett den i frysaren, så det var lettvint. Elles oppdaga Nils ein lekkasje inne i kjøkkenbenken, og slikt er jo alltid festlig.Håper på betre ver i morgon, slik at vi kjem oss ut litt. 
Det største som har hendt i dag er at Ingar har gått nokre steg heilt åleine.

2 kommentarer:

solveig sa...

Vi såg det var hakket før han sleppte seg i går.

Besta sa...

Han har no ikkje slept seg heilt, det var vel helst at han gløymde seg litt. Han har ikkje bestemt seg skikkelig for å gå lausreipa enno.