søndag, april 10, 2011

Vermelding 10.april - 2011


Klokka er ca 12.00. Temperaturen ute er +14-15 grader, så no trur vi på vår. Sola er ikkje framme, men det er opplett.
All snø som blir moka vekk frå tunet i løpet av vinteren, blir lagt i ein kjempehaug nedanfor garasjen. Det seier seg sjølv at denne haugen blir litt seig å få vekk, så her må vi hjelpe til. I dag gikk Nils laus og heiv store snøklumpar utover, og eg hjelpte til å kakke dei sunde. No håper eg at dette blir siste snøbilda på bloggen for denne gong. Ja, eg veit at det kan kome snø både i april og mai, men då blir den som regel ikkje liggande særlig lenge. Løkplantane kjem opp over alt no, så det hastar med å få rydda opp litt i alt rotet som ikkje vart teke sist haust. Under snøen stod det faktisk ei bjørnebærbuske med GRØNT lauv.
No driv Nils og fileterer fisk, det blir nok steikt sei i dag, eg synest fisken smakar best før han har vore i frysaren.Elles må vi no kome oss ut ein tur viss veret held seg så bra som no. Eg er ikkje flink å gå ut i dårlig ver!

2 kommentarer:

Hildegard sa...

De er flinke å jobbe og det er kjekt når ein ser resultat av jobbinga. Vi er ikkje i gang med vårvinna endå, det får tørke opp litt. Lite plantar i vår hage, satsar på plen, men litt å gjere like vel...

Besta sa...

Vi har kutta ned på det meste når det gjeld blomster etc. men Nils laga ny jordbær- og bringebær- åker i fjor. Han likar hagearbeid betre enn innearbeid etc.Og då blir det slik. Vi vil gjerne ha bort snøen så det blir tørrare rundt dørene når vi får ungar på besøk.

Dagbok 2024: 26.desember: 2.juledag

  Klokka er no 19.30, temperaturen ute er +4 grader C. Det er overskya, og eg trur det har regna litt innimellom. Kvit jul er det i alle fal...