Klokka er 19.30 og ein nydelig dag er snart til ende. Temperaturen er no +16,5 grader C.I dag venta vi Margrete og ungane på besøk, så vi laga ein stor porsjon ertersuppe for at det skulle vere lettvint servering. Så fekk vi melding frå Solveig at ho og dei to yngste hadde lyst å komme, og litt etter fekk vi melding om at Lars og ville komme på besøk.Ikkje noko er så kjekt som å ha huset fullt, det minner om "gamle dagar". Så vart vi altså 16 til bords i dag. Etter suppa blei resten av påskebaksten sett fram, og huset såg etter kvart skikkelig bomba ut. Det er berre kjekt. Ryddig kan vi ha det når vi er her åleine.Eg har ikkje vore så mykje ute, men eg hadde ei lita runde krokket med gutane før middag.Det er ikkje så farlig med oss som har heilårsferie, vi kan nytte alle fineversdagar.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar