lørdag, april 16, 2011

Vermelding 16.april - 2011

Klokka er 14.45; ute er det skodde og grått og regnet har sila ned i heile dag. Vi har fått den "uvanen" at vi vaknar relativt tidlig om morgonen, og no har vi tømt ei stor panne med fiskesuppe, så her blir det å flate ut!
Hadde ærend på matbutikken i dag også, så det blei ein tur ned på Amfi.. Men først laga eg ei kake og dessert til i morgon, strauk nokre klede m.m.Trefte litt kjentfolk i dag også, og då vi skulle heim, strøymde det på med utanbygds folk, slik som det er vanlig på laurdagar.
Så vil eg ønske alle som les bloggen min ei riktig GOD PÅSKE. Håper at sola snart kjem fram.

3 kommentarer:

solveig sa...

Eg vart skuffa over veret i dag, for eg hadde sett for meg ein dag i hagen. Øystein for ut og raka i regn. Men kanskje det ikkje er for seint enno! Kjøleskåpet er vaska og rydda, så noko positivt kom det ut av regnveret.

Besta sa...

Håper berre vi få fint ver mens vi har gjestar.Fekk melding frå Rasmus for ei stund sidan, då var dei i Kaupanger. Dei skal overnatte der.

solveig sa...

Eg forstod det slik at dei ville dele opp turen. Det er lurt!

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...