søndag, april 17, 2011

Vermelding 17.april - 2011

Klokka er no snart halv tre.Veret er akkurat som i går, så det er ikkje mykje å skrive om, eller ta  bilde av for så vidt. Temperaturen er + 9 grader.Håper det lettar til i morgon. Fekk nettopp melding frå Rasmus, då var dei på Anda. Dei rakk sikkert 14.15-ferja.
Eg har brukt mykje av føremiddagen til å lage ein stor lasagne og rydde opp att etter sølet; den står i omnen og godgjer seg, så det står berre att å lage salat og dekke bordet. Det er ein årelang tradisjon å lage lasagne til Rasmus kjem. Det er ein tradisjon som skriv seg frå den tida det var meir og mindre uvisst kva tid han dukka opp. Det er i grunnen lur mat å ha når ein får gjestar sidan alt kan gjerast ferdig på førehand.No gler vi oss til å få besøk.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 6.september

Klokka er no17.09, temperaturen ute er +16 grader C. Det har regna litt i dag, men no når det går mot kveld er sola framme no og då.  Eg har...