torsdag, april 14, 2011

Vermelding 14.april - 2011

Klokka er 12.00,det er overskya og + 12-13 grader C .Det var tilløp til sol tidlegare i dag, men dessverre er den borte no.
Denne dagen hadde vi sett av til vasking, støvsuging etc. Og det er det vi har drive med. Nils sin jobb er å vaske dusjkabinettet, det blir for mykje bøy og tøy for meg. No er eg nesten ferdig med MIN jobb, har berre att litt støvsuging. I morgon skal vi på rek igjen, sidan eg skal møte på Smerteklinikken i Volda 10.15.
Det vart eit innhaldsrikt møte i pensjonistlaget i går, og eit langt referat å skrive, sjølv om eg prøver å begrense meg. Synest eigentlig referat er ein kjedelig sjanger, vanskelig å gjere så mykje utav det.
Då vi var på Plantasjen sist mandag, kjøpte vi tre krukker med minipåskeliljer. I går vann Nils ei krukke til, men der var så mykje i at han delte i to.Ingen andre blomster kan måle seg med dei første vårblomstrane.No er det ikkje lenge til dei "små blå" kjem for fullt heller. Nils har for lengst forlatt badet, og har begynt å rydde enda meir ute. Takka vere han har vi den ryddigaste hagen i nabolaget.
Sundag kjem Rasmus med familie, og det gler vi oss veldig til, altfor lenge sidan sist vi var i lag.Dei kjem over Hemsedal-Sogn. For dei som ikkje er heilt oppdatert på denne vegen, kan eg opplyse at det no er slutt på bompengar i Fjærland, og vegen frå Lærdalsøyri til Borlaug er nesten ferdig utbetra. Dette er den kortaste vegen når ein skal til Kongsberg og området rundt.
Takk til Margrete for "awarden"-skal prøve å følge opp, men det blir ikkje i dag. Har ikkje så mange på blogglista mi heller,og dei fleste har alt fått award.
"Gjesteforelesaren" frå Skatteetaten hadde eit sitat som eg gjerne tek med her.Det kan vere ei trøst for andre gamle (han reiser mykje rundt i pensjo-lag) :"Betre å vere 70 år ung-enn 40 år gammal".
Vi gratulerer Kristoffer på Eid med 23- årsdagen i dag.

3 kommentarer:

Hildegard sa...

Ja, no går det fort fram til påske. Skjønar godt at de gled dykk til Rasmus og familien kjem. Audny hentar bursdags-barnet heim til påskeferien i dag, ho er nordaføre i jobbsamanheng. Stig kjem vel også snart frå Bergen. Kjekt når ungdomen samlast igjen.

Besta sa...

Ja, vi skal prøve å samle alle på Hareid i løpet av påska. Der er best plass og då får vi med oss dei eldste også.I morgon er det Eirik som fdyller og og så har vi tre barnebarn som fyller år i mai.Det blir ei felles bursdagsfeiring i påska.

solveig sa...

Eg gler meg til å kome ut i hagen og rydde!

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...