torsdag, april 14, 2011

Bok nr.23 -2011: En dåre fri.


Vi møter den vesle jenta som heiter Eli, eit namn som både gutar og jenter kan heite. Ho har lange lyse krøllar og eit lite nydelig ansikt. men sjølv ville ho heller ha vore gut.Ho vil ikkje vere prinsessa i skodespelet, ho vil vere Espen Askeladd. Når ho blir litt eldre forlangar ho å få klippe håret sitt kort og gå med skyggehue. Ho er kjempeflink å spele fotball og gå på ski og har ein voldsom energi; er nesten hyperaktiv. Men sjølv om ho er er ein intelligent unge, lærer ho ikkje å lese skikkelig, dessutan er ho svaksynt. Til tross for at ho er spesiell, er ho godt likt av dei andre barna, for ho kan fortelle. Ho diktar lange spennande og morsomme historier som ho fortel til dei andre barna. Ein virkelig storyteller altså. Etter kvart får ho ei eldre søster til å skrive ned historiene på maskin.Seinare lærer ho seg sjølv å bruke datamaskin.Men det er etter at ho er blitt vaksen. I mellomtida får ho andre problem. Det begynner med "Espen" ei gutestemme som snakkar i eine øyret hennar."Espen"gret når han høyrer vatn som renn.Seinare kjem også Erik, som vil ha henne til å øydelegge ting, og fleire stemmer som er der for kortare eller lengre tid.
Tida går, og eg skal ikkje fortelje meir om det som skjer, men denne Eli er det som etter kvart blir ein kjend forfattar, på samme tid som ho vandrar inn og ut av psykiatriske klinikkar. Ho er med andre ord periodevis psykotisk, eller schizofren.
Det er forfattaren sjølv som les denne boka om sitt eige liv og sine psykiske problem, og det gjer historia enda meir autentisk.Det er ei  bok som  gjere inntrykk på alle som les den.Mange trudde forfattaren skulle få Nordisk Råd sin pris for denne boka, men den gikk til ein islending.Eg hadde høyrt mykje bra om  boka før eg las den, og eg stod lenge på venteliste på biblioteket. Det er utan tvil ei god og viktig bok som gir lesaren eit innblikk i korleis det er å vere psykisk sjuk.Boka blir samanlikna med bøkene til Knausgård, fordi forfattaren er så open om seg sjølv.Eg har brukt litt lenger tid enn vanlig på den, for det er ikkje ei bok som ein "sluker". Det er sterk kost, for å seie det slik, kanskje litt for sterk for mange? Det er skrive mykje om boka på nettet, men eg har valt å ikkje lese det.I alle fall ikkje enno.

4 kommentarer:

solveig sa...

Eg kunne godt tenke meg å lese denne boka. Det vert nok krim.

Besta sa...

Ja, det er godt å lese noko anna også. Men etter denne boka trengde eg lettare stoff. Sjeldan ei bok gjer så djupt inntrykk på meg. Eg rippa den ikkje, men leverte den på biblio i dag.

solveig sa...

Den dukkar nok opp her og.

Besta sa...

Har lese mykje om denne på FB, "God bok" t.d.

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...