fredag, april 08, 2011

Vermelding 8.april - 2011

Klokka er ikkje meir enn11.00, men vi var tidlig oppe i dag, så vi har vore i sving i fleire timar. Nils er ute og rakar etter kvart som snøen blir borte. Ingen ting vart gjort før snøen kom sist haust, så det er mykje å rydde opp i. Det regnar berre litt av og til, men det blæs ein iskald vind; temperaturen er + 7 grader, men det virkar mykje kaldare. Eg held meg inne. Så langt har eg gjort ein del "kontorarbeid" og førebudd middagen. I dag ventar vi Amanda og Erlend på besøk. Vi skal hente dei på ferja etter skuletid, for Margrete er på kurs i Ålesund og Lars er i Bergen. Vi gler oss alltid til å ha barnebarn på besøk.
I går opna Plantasjen i Furene, området på grensa mellom Volda og Ørsta, der vegen går gjennom tunnelen.Vi har ikkje vore der enno, men det blir nok ikkje lenge før eg må innom. Tilseth plantesenter ligg eit steinkast unna, og no skal Coop får lov å bygge der også, så snart blir det vel tomt i sentrum? Dei reknar vel med at desse nye butikkane skal trekke folk til området -men så minkar det vel ein annan stad?
Sidan det er fredag igjen, ønsker eg alle ei GOD HELG.
Og så vil vi gratulere svigerinne Mimi som fyller år i dag. 
Her driv Nils og skal grave ned ein plastbalje med grasløk. Han har planta ein "ferdigkjøpt" plante i midten og sådd frø rundt. Eg plar klippe opp grasløk om sommaren og fryse så eg har heile vinteren.I fjor vart det dårlig avling, så eg har ikkje meir att.

4 kommentarer:

solveig sa...

Ja, då er vel tunellen snart nedbetalt!

arieldog sa...

Det vart visst fleire barnebarn og meir styr enn forventa - flott de tek det på strak arm! Eg siterer Storegut frå bilturen heim: "det som er bra med mormor og morfar, er at dei ikkje blir stressa, uansett kva som skjer."

Besta sa...

Det var no ikkje akkurat så dramatisk,då.Men det var no fint sagt av storeguten.Det einaste som var litt "alarmerande" var at vi trudde dei to små stod på ferjekaia i Volda og venta, men vi var no berre 5 min. unna.Fann ikkje ut i farten kven som hadde sendt meldinga.Men eg tenkte på det etterpå at MOBILEN er ei velsigning.

arieldog sa...

Fint sagt av Storegut, men òg litt skremmande med tanke på kva han er van med til vanleg...

Dagbok 2024: 27.mars

Klokka er no 17.45, temperaturen ute er+ 9 grader, men det er overskya i dag, så det er ikkje så fint som det var i går. Eg sov godt sist na...