lørdag, april 30, 2011

Vermelding 30.april - 2011

Klokka er 17.00, temperaturen er ca + 18 graderC og  det er strålande ver.I dag var det varmt nok til å ligge delvis avkledd på altanen då vi kom så langt. 
Først måtte vi nedover å utrette diverse ærend, var på biblioteket og lånte bok, i Hovdebygda og kjøpte solstol og så hadde vi tenkt å handle mat på Rema 1000. Heldigvis fann eg ut at eg måtte ha noko på Amfi. Der trefte vi Ruth og Harald som kunne fortelle at Ingeborg skulle vere med og danse.Litt etter kom også Margrete. Vi avtalte at Margrete og jentene skulle komme oppom ein tur etter at dei hadde henta Amanda som var på ballettøving. Det gjorde dei også, og fekk pølse m/ brød som var det einaste vi fiksa på så kort tid. Ingeborg vart att her til Nils kjørte henne på ballettøving no nettopp. Alle tre hadde vi oss ei god stund på altanen, og Ingeborg sov då vi brått hørte eit kraftig skot. Håper det ikkje var noko gale.Eg har berre litt att av boka mi, g det skal eg legge meg ut og lese NO.
Nils skal ut og gå i tog i morgon så han kjøpte seg ei ny BLÅ jakke i dag. Elles er det visstnok konfirmasjonar rundt omkring.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Travel dag på dokke i dag då. Vi reknar med at det blir mykje bråk av russ og andre i sentrum denne natta til 1. mai i og med det er så fint ver.

Besta sa...

Ikkje travel dag i dag, fekk til og med sola oss på altanen ei god stund. Prøver å vere mest mulig ute så lenge veret er så fint.

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...