tirsdag, februar 21, 2012

Vermelding 11.mars - 2012


 Klokka er 14.15, temperaturen er + 6 grader og veret er lettskya og fint. I dag var vi tidlig på farten for Nils skulle vere hos optikaren klokka 9.45. Eg var med han inn og tok ut nye brilleinfatningar, og så gjekk eg ned til Amfi mens han tok synsprøve etc.Han såg forbausande godt, og trengde i grunnen ikkje sterkare briller, men dei gamle var rett og slett utslitne. Eg var ferdig å shoppe då han kom og henta meg, det var ikkje så mykje eg skulle ha i dag.
Ikkje før var vi heimkomne, så ringde han til Hassan og avtalte fisketur, og no er han heime med meir småsei enn vi og ev. naboar treng.
Mens han var vekke, har eg stått over grytne heile tida, og koka ein STOR porsjon rømmegraut. Reknar ikkje med at alt blir ete i dag, men så frys eg den til ein annan dag. Viss eg frys den i skåler, går det fint å tine i mikroen. Eg veit om eit par stykke som gjerne skulle ha vore heime hos MOR i dag.
I dag er det tre viktige personar som fyller år. Det er niese Hilde Helen, Henning på Eid og Kongen. Vi gratulerer med dagen, som i år fell på Feitetysdag, eller som det heiter på fint -Mardi Gras, den store karvalsdagen i Rio.
NB: vi har ikkje fått oss ny adoptivkatt, men det er mange som vil vere venner med Nils når han har vore på fisketur.

1 kommentar:

solveig sa...

... og svigermor ...
Ja, ja. Eg har retta ein bunke i dag og kan seie meg ferdig med tre, alt eg hadde samla i hop. Håkon er på Høddtrening.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...