mandag, februar 20, 2012

Vermelding 20.februar - 2012

Klokka er 13.45, temperaturen +3 grader C, og det regnar ute. Det hadde kome mykje nysnø i natt og Nils hadde bra trim med å moke for hand. Dessverre kjem ikkje snøen til å bli liggande, den har alt smelta mykje.
Mens Nils moka ute, vaska eg litt inne. Og etterpå hadde vi diverse ærend til Vik. Måtte ut att på butikken til Målar-Olav i dag, for sist eg var der, prata eg meg vekk med gardindama og gløymde kva eg eigentlig skulle kjøpe.(Såg litt på gardiner i dag også). Skulle ha noko lite på Europris også, så vi var innom der. På Amfi handla vi berre mat, men trefte litt folk å prate med, som vanlig. Såg at mange av pensjonistane hadde barnebarn med seg i dag. Dernest var eg innom biblio og leverte inn bøkene eg lånte før helga, har ikkje lese dei, men lagt dei inn på MP3. Og til slutt var eg innom Bakk-Ola og henta Årsmeldinga som dei har kopiert til meg. Litt rart å ikkje ha tilgang til kopi-maskin, slik eg hadde før.Dvs. eg har ei kombinert kopimaskin/printer, men fargepatronene er så dyre at det ville bli dyrare enn å leige til kopiering.
Årsmøtet i pensjonistlaget er komande onsdag.
I dag handla eg inn rømme til rømmegraut, men om den blir laga i morgon på feitetysdag eller ein annan dag vil tida vise.Vi avstod frå krembollar i går, så vi har litt å gå på. Trur eg.
No skal vi snart ete middag. I dag blir det fiskekaker frå frysaren med diverse tilbehør.Nils ventar på fiskever, for vi er nesten lens for fisk, noko som sjeldan hender.

1 kommentar:

solveig sa...

Olaug moka her i går på eige initiativ (!) I dag vakna ho skikkeleg forkjøla. Så no satsar eg på at den siste snøen regnar vekk ...

Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...