fredag, februar 03, 2012

Vermelding 3.februar - 2012

Klokka er 13.30, temperaturen er +2 grader C. Det er overskya, og det har kome litt meir snø. Såpass at Nils måtte moke litt, med hand, i dag tidlig.
No har vi vore ned til Vik. Eg måtte på biblioteket og låne meg ei "attåtbok" til å ha som sengelektyre. I går kveld la eg meg til med Knausgård på øyret, utan å tenke på at MP3 platene ikkje tek pausar. Vakna midt på natta av at det var einkvan som masa noko heilt forferdelig. "Min kamp 6" er nokså mykje annleis enn dei første 5. Trur han har skrive dei fem første for å kunne skrive nummer 6. Eg er komen til spor 40, men heile boka er på 84 spor, så den kjem til å vare ei stund til. Men det er veldig interessant det han skriv.
Kjøpte ikkje så mykje i Vik i dag, men eg investerte i ei ny handveske, den gamle var velbrukt !
Var ein tur opp i gågata, der det kom ein heil flokk med småbarnsmødrer som var ute og trilla. Dei møtest og trillar/trimmar i lag. Det ser koselig ut.
No skal vi snart ete middag. I dag blir det steikt fiskepudding. Vi er enige om at ball (i store mengder) er tung kost for gamle magar, så det blir ei stund til neste gong.
Så vil eg ønske alle ei god helg, same kva de har tenkt dykk til med.
PS: Synest at Svendsengarden/Mellegarden liknar eit peparkakehus.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...