torsdag, februar 02, 2012

Vermelding 2.februar - 2012

Klokka er ca 12.45,og temperaturen + 1 grad C. Og så kom det meir snø! Heldigvis! Eg set pris på det, viss den berre blir liggande og vi får sparkføre igjen. Det er det beste med vinteren, sparkføre altså. Då kan vi som er lettare rørslehemma komme oss ut på litt lengre turar. Men viss det endar opp i slaps, er eg mindre begeistra.
I dag har eg støvsuga i heimen. Det tok litt lenger tid enn vanlig, sidan eg prøvde ut ei ny møblering, men gikk tilbake til ein tidlegare variant. Skulle ønske eg hadde fleire muligheiter - forandring frydar, som kjent.
Elles har det ikkje hendt så mykje i dag. No varmar vi på ballrestar frå tysdag, og eg kjenner at eg er veldig svolten. Skal få gjort litt meir utpå dagen, men må nok ha ei pause etter ball-måltidet.

3 kommentarer:

solveig sa...

Vi har planlagt å gå på skeiser i morgon, så vi ville helst hatt det kaldt som meldt.

Besta sa...

OK-kvar sine behov. Men eg vil gjerne ha det LITT kaldt, og LITT snø.Ein halv meter snø, og minus 2-3 grader er topp.

arieldog sa...

I helga kan det berre snø, men det er litt ekstra styr å måtte moke før ein fær på jobb...

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...