onsdag, februar 01, 2012

Vermelding 1.februar - 2012


Klokka er 13.45. Sola skin her hos oss, det er berre ei lita stund rundt klokka 12.00 ho er attom Melshornet no. Temperaturen er minus 2 grader. Stort finare kan ein ikkje ha det midt på vinteren. Ikkje fullt så fint nede i Vik, der ikkje sola når til.
På AMFI driv dei og bygger på, dei har hatt bra arbeidsver i vinter med lite snø, men det er no ikkje nokon jobb som eg misunner, dei kor som er. Må vere travelt med dei bråkete maskinene.
Nils har vore og styrt med ved i dag også. I dette fine vere blir morgonane lysare og ein kan komme tidlegare i gang.
Mens han var på vedaskogen, vaska og rydda eg heile dekketøyskapet på stova, det er eit lite tiltak, men jobben tok mindre enn ein time. Litt kjekt å sjå kva ein har i skuffer og skap, det er ikkje i bruk så ofte.
Så stelte eg litt med bromstrane, vaska potter etc. Trengst litt fornying , men eg håper at nokre av orkidéane som står på vent, vil kome med blomster snart.
Tok ein tur ut på butikken til Målar-Olav og kika på gardiner. Det var med tanke på Margrete sitt prosjekt. I ferdigsydde gardiner var der lite utval, og fargane var grått, beige, lilla, rosa ....ikkje direkte spennande. Men der var mange fine stoff. Dessutan kjem dei til å få inn mykje mytt framover, så kanskje ein bør ha is i magen. Eg tok mange bilde. Måtte liksom ha eit ærend, for eg likar å gå og sjå kva nytt som kjem på markedet, sjølv om eg ikkje skal ha noko sjølv.
I dag blir det ikkje middag, ialle fall ikkje med det første, treng ein kviledag etter ball-orgien i går.
Eg har no begynt på MP3-plate nr.2 av 3 av "Min kamp 6". Etter ein litt treg start er det no blitt skikkelig interessant, og det er vanskelig å legge boka frå seg. Denne siste boka er nokså mykje annleis enn der 5 første.

6 kommentarer:

arieldog sa...

Mnge fine stoff - kanskje valet skal stå mellom hanar og kattar? Billegare og enklare å kjøpe ferdigsydde...

Besta sa...

Ferdigsydde var der stort sett berre einsfarga i grått, beige, lilla etd. Der var nokre stripete stoff som eg likte godt. I to fargekombinasjonar. Eg synest kattane hadde vore fine til kjøkkenkapper.Rette fargane.

arieldog sa...

Ja, eg har ettopp sett på mailane på nytt, og dei kattane var utruleg søte - men eg trur dei vil sjå finare ut som liftgardiner. Så kan eg ha raude og svarte teppe, evt, utan at huset treng å sjå julepynta ut heile året.

Besta sa...

Dei syr nokre gardiner som heiter "jukselift" også, slike som ein ikkje kan heise opp og ned, men som ser slik ut.Gardinene på bilde 22 og 23 er veldig tøffe, i tjukt stoff.

arieldog sa...

Jukselift høyrest bra ut. Mønsteret kjem best fram viss stoffet ligg glatt, og eg har ikkje noko behov for å heise gardinene ned eller opp på kjøkenet.

Besta sa...

Ho som syr gardinene var på butikken også, så vi hadde ein liten diskusjonom om ulike løysingar.Eg er godt kjend med damene på butikken, så eg kan godt gå inn berre for å prate.(Magnhild-kusina til Ruth er det som syr).