Klokka er vel halv åtte. I dag har det snøa og slapsa nesten heile dagen. Temperaturen ligg no på ca 3 grader C.
I dag var vi ein tur på butikken, og etterpå laga eg glasur til kakene eg bakte i går.
Vi fikk melding om at Bodil og Svein ville ta seg ein tur opp til oss i dag, sidan dei skulle hente folk på flyplassen her.
Før dei kom åt vi middagsrestar frå i går, og så blei det "nonsmat" då gjestane kom. Det er ikkje sikkert alle veit kva nons eller non er? Før i tida åt dei fleste folk på landsbygda middag klokka 12.00. Då var det vanlig med eit brødmåltid med kaffi til rett etter arbeidstid. No går det vel mest i lunsj eller formiddagsmat midt på dagen, og middag i 16-17 tida?
Som pensjonistar gjer vi akkurat som vi vil med måltida.
Det var i alle fall veldig hyggelig med besøk, og vi hadde som vanlig tusen ting å snakke om.
I morgon er det styremøte i pensjonistlaget. Og Nils skal på gruppemøte i SV om kvelden.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:27.juni
Klokka er no19.52 og dette bildet tok eg for ei lita stund sidan, første streif av sol i dag, trur eg. Temperaturen på tappa er +18 graderC ...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
4 kommentarer:
Her har det regna og blåse i dag. Kjekt slekta stikk innom!
Takk for ei koseleg nons-/kaffistund.
Eg veit jo godt kva non er. Slik var det på gardane då vi vaks opp. No er det oftast middag i fire - femtida som du seier, med oss og.
Legg inn en kommentar