tirsdag, februar 14, 2012

Klokka har passert 15.00, temperaturen er+ 3 grader og det er eit skikkelig grisever ute. Det regnar, blæs og haglar såpass at det ikkje er noko kjekt å vere ute.Sjeldan det er så mykje vind her oppi bakkane hos oss.
I dag brukte vi litt av føremiddagen til å rydde og omplassere diverse ting, men sidan eg skulle på møte klokka 13.00 fekk vi ikkje halde på så lenge. Eg har altså vore på styremøte i pensjonistklaget. Vi held til på Bakk-Ola som er eit bufellesskap for eldre og uføre, der det også er kafé og møterom. Det er mange aktivitetar på huset, mellom anna held Seniordans-gruppa til der.
Tenkte eg skulle få tatt nokre bildet av huset, eller rettare husa, men det er uråd å få heile inn på eitt bilde, og det var ikkje rette veret til å gå på fotosafari heller, så det blir berre ein liten del av komplekset eg fekk med.
No har vi ein kjøpepizza i omnen som vi skal ete om ei lita stund, og så er denne degen også snart over i historia.
At det er Valentindagen bryr vi oss lite og ingen ting om her i huset. Vi prøver heller å sette litt pris på kvarandre kvar dag. No blæs det opp til jule-og nyttårsstorm ute ser det ut til. Ha ein fin dag, med eller utan Valentin!

Ingen kommentarer:

Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...