onsdag, februar 15, 2012

Vermelding 15.februar - 2012

Klokka er 12.30. Temperaturen er+ 2 grader C og det snør ute. Våt og klbbete snø. Nils moka litt på føremiddagen, men brukte gamlemetoden, som de ser. Mi von er at det no skal komme passelig mykje snø, og så bli kaldare og klårt. Då får vi sparkføre -og sol heile dagen. Men uansett er dagane lengre og lysare.
I dag har eg drive og vaska og rydda dei romma vi sjeldan brukar, så er det gjort. Middag har vi også på gang; i dag blir det fiskekaker som eg laga førre veka. Lettvint i dag altså.
Hadde litt kontorarbeid i går kveld, og meir blir det i kveld. Litt ekstra arbeid i samband med årsmøtet i pensjonistlaget neste veke.Dagane går som ein røyk anten ein gjer noko fornuftig eller ikkje. Vi kjem liksom aldri heilt i mål, og godt er det.
Så vidt eg veit er det ingen merkedag i dag, men søndag er det fastelavn, og tysdagen er det feitetysdag, eller grautatysdag som dei seier her i Ørsta. Så det blir gode unnskyldningar for å ete god mat nokre dagar framover; eg trur ikkje fasta slår like godt an.

2 kommentarer:

Elin sa...

Du er flink å grisle på. Eg tykkjer også at dagane går som ein røyk no når eg er heimeverande, sjølv om eg ikkje gjer så mykje. Merkedag i dag? Vel, evigunge Wenche Myhre er 65, det er vel bra, skal tru kva ho gjer når ho blir 66?

Besta sa...

Då "gjør hun som hun vil" ?
Greitt nok å synge om alderdommen mens ein enno er ung. Det kan bli litt annleis enn ein trur.