onsdag, februar 22, 2012

Vermelding 22.februar- 2012

Klokka er ca 20.30, temperaturen ute er +3 grader C. Det har vore overskya og litt regn i dag.
For meg har det vore ein nokså travel dag, alt er jo relativt. Vi skulle møte på Bakk-Ola klokka 12.00 og ordne til for pensjonistmøtet som skulle begynne klokka 16.00. Før den tid hadde eg ordna opp i huset, vaska håret etc. 
På Bakk-Ola var styret samla, vi dekka borda m.m. og så hadde vi eit lite styremøte etterpå. Så var eg heime eit par timar før det var på an igjen, og i denne pausen skreiv eg eit avisinnlegg om seniorkinoen. Komande tysdag skal vi sjå ein film frå 1963 som heiter "Hvem svindler hvem" med Audrey Hepburn og Cary Grant. Det er ein gammal klassikar som er blitt digitalisert. 
Sjølve møta er heller ikkje avslapping. Vi i styret hjelper til med servering og opprydding. I tillegg skal eg skrive referat, så eg må notere undervegs, og i dag skulle eg også legge fram årsmelding. Alt gikk fint, og det er ingen problem, men eg kjenner at eg ikkje orkar å skrive referat i kveld. Elles plar eg skrive referatet same kveld, mens eg hugsar kva som har gått føre seg.
På bildet ser vi nestleiaren takke leiaren som no går av og overlet klubba til den nye leiaren så snart ho kjem heim frå ein lengre ferietur.
I dag er det ein merkedag. Audun fyller 22 år den 22.02.2012. Det skjer berre denne eine gongen, og vi vil gratulere han så mykje med dagen. Håper han kosar seg inni Oslo. 

1 kommentar:

Hildegard sa...

Den filmen trur eg vil "slå an".

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...