lørdag, februar 11, 2012

Bok nr.5 - 2012: Min kamp 6

Bildet av omslaget er dårlig og diffust, men det var slik det såg ut i virkligheita.
Eg har ikkje googla denne boka, og kjem neppe til å gjere det, for då kan eg få øydelagt den opplevinga som eg hadde då eg las den. De andre kan sjølvsagt gjere som de vil, for det eg skiv er inga bokmelding, berre mi subjektive oppleving av tekstane.
Trur dette er den lengste boka eg nokon gong har lese. 86 spor -kvart på over 30 min.-det blir ei god stund med Knausgård på øyret. Men til alle dei er har lese dei fem første bøkene: Les denne også ! Å kutte ut siste boka vil vere å samanlikne med å gå før ein får sjå slutten av filmen.
Denne boka er både lik og ulik dei andre bøkene han har skrive om livet sitt, og den er minst like gripande som dei andre. Dessutan gir den svar på ein del spørsmål som ein kan ha stilt seg undervegs.
Det som er ulikt dei andre bøkene er at han legg inn tekstar, essey etc., som har med heilt andre ting å gjere. Her er eit langt kapittel om NAMN, kva det namnet betyr for eit menneske. Her er ein grundig analyse av eit dikt, ein Hitler-biografi der han også skriv om jødeutryddinga. Han tek også med forteljingar frå Bibelen, sidan har har vore med og arbeidd fram den nye Bibelomsetjinga osb. Her er mykje filosofi, litteraturkunnskap og historie. No har eg ikkje studert verken filosofi eller litteraturkunnskap, så eg kan ikkje bedømme kor gode desse tekstane er. Dei kan virke litt tunge innimellom, men ikkje vanskelige å forstå.
Og så spør ein seg sjølvsagt kva desse tekstane har med resten av bøkene å gjere.Det blir det opp til lesaren og finne ut av.EG har ikkje svaret, og eg trur der vil vere like mange svar som der er lesarar. Berre tenk på kor annleis boktittelen blir om ein legg eit anna trykk på den og seier "MIN kamp". Eg verken kan eller vil prøve å tolke boka for andre, men eg rår alle Knausgård-fans til å lese den.
Til dei som synest boka er litt voldsom å gå løs på, vil eg anbefale å bruke tid på den, den kan godt lesast i porsjonar, og så kan ein ha noko lettare innimellom. Eg har hatt ei anna bok å lese i på senga t.d.

1 kommentar:

Elin sa...

Takk for denne oppsummeringa!

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...