Klokka er snart 15.00. Ute er det grått, skodde i fjella og nedbør. Somme tider regn og sommer tider sludd eller hagl. Temperaturen er + 3-4grader C. Det er på ein måte godt med milde vintrar, men eg ville heller hatt snø, kulde og sol heile dagen. Ikkje minst for at dette veret gjer at eg verker både her og der, etter at eg har vore bra veldig lenge.
Nils måtte eit lite ærend til Vik, men eg ville vere heime. Har stroke litt klede, baka brød og koka risgraut til middag, og tida fyk av garde. No skal eg snart lese siste resten av boka mi, og så skal eg skrive litt om den.
Nils skal på ei lita SV-samling klokka 18, så eg skal kose meg heime åleine nokre timar.(Utan TV, kanskje).Elles har vi ikkje så mykje planar for helga, men blir det fint ver i morgon, skal vi prøve å komme oss ut litt.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2025: 12.desember
Blir det grøn jul i år? Temperaturen ute er +9 graderC og det regnar. Ja, det er ikkje meg imot, sjølv om det er no finare med kvit jul.me...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar