søndag, februar 19, 2012

Vermelding 19.februar - 2012

Klokka erca 12.30, temperaturen er + 2grader C og sola skin innimellom. I løpet av natta har det kome ein god del snø, så Nils har jobba med å moke heile tunet med hand. Snøfresaren vår har ikkje vore mykje i bruk denne vinteren. Det er mykje folk ute i Starevegen i dag, både små og store. Somme har besøk av barn og barnebarn som har vinterferie.Ser ikkje Nils, så han må ha gått ein tur.Det er dessverre liten sjanse for at dette veret varer, i følge yr.no skal det kome å regne. Synd.
Eg finn alltid på noko å gjere inne, så eg ikkje kjem meg ut.Trur eigentlig ikkje at eg likar vinteren så godt. I dag fekk eg endelig tatt ned julegardinene på kjøkkenet og hengt opp sommargardiner. Somme meiner kanskje at det var på tide, men julegardinene er tettare og skjuler meir kva som går for seg inne for folk som går forbi på vegen. Så derfor har dei fått henge. No må eg vel snart til å tenke på middag. Hadde eit lite dykk i frysaren i går, og bestemte meg prompte for at her skal ingen ting kjøpast før den er tømt. Det er ingen grunn for å hamstre, butikkane er opne frå tidlig morgon til seine kveld. Håper alle som har fri denne veka får nokre fine dagar.

1 kommentar:

solveig sa...

Kjekt å sjå aktivitet i Starevegen! Eg bakar bollar og rttar prøver. Ligg godt an til å bli ferdig med 1 1/2 klassesett mat og helse-prøver.
Her skal det ikkje kjøpast middagsmat før der er tomt i frysaren, trur eg.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...