mandag, februar 27, 2012

Vermelding 27.februar - 2012

Klokka har passert 14.30. Temperaturen er + 7-8 grader ute, det er overskya, men opplett. Ei stund såg det ut som om sola skulle kome fram, men det vart liksom ikkje noko av. Eg har drive med diverse husarbeid i dag, Har baka brød og grove rundstykke, vaska klede etc.etc.
Til "middag" blir det noko lettvint, for når Nils er ferdig å filetere fisken, blir det å lage fiskemat, reknar eg med.
Som de ser er det litt snø att i hagen vår, men det er jo ingen ting imot det som var i fjor på denne tid.

3 kommentarer:

Hildegard sa...

Det høyrest ut på innlegget som at Nils har fiska igjen? I dag har eg steikt 2 middagar med seibiff m/løk. Bringa til Os, godt for dei å berre leggje seg nedpå etter arbeid og middag.
Eidabesta

Besta sa...

Ja, han har fiska, og i dag har all fisken blitt omgjort til kaker og pudding. Blir sikkert ikkje lenge til neste fisketur. De er vel snart lens? Det har vore ei plage med for mykje småsei i det siste, så han får ikkje snøret ned til den store seien. Sist fiska han med garn og fekk lyr og hyse.

Hildegard sa...

Vi har eit par middagar til. Godt med sei når ein varierer litt. I dag blir det fiskekaker av "tynnsidene". Seien er visst ikkje komen til Eidsfjorden endå, iflg fiskarvennene til Besten. Blir vel ein tur på sjøen igjen no når veret letnar.