søndag, februar 26, 2012

Vermelding 26.februar - 2012

Klokka er 13.30, temperaturen er+ 5 grader og det er lettskya, fint ver.
Vi er nettopp attkomne frå ein tur . Vi køyrde ut til Lystad skule og gjekk derifrå og ut på Lianeset, på gangvegen ved sidan av hovudvegen. Akkurat det vegstykket vi gikk, fekk byggeskikkprisen då det vart laga for nokre år sidan.
Bilda de ser over er frå Skorgura, der nokre gamle kvernhus er blitt sette i stand slik at dei faktisk virkar. Men orkanen Dagmar har herje i nærmiljøet så der var mange tre som låg nede.
Vi gjekk opp her ved ura ein gong, og når ein kjem opp den første bratte bakken er der ei nydelig lang flat dal innover. Det er Skorgedalen. Skulle ønske eg kunne komme dit igjen, men der går ingen bilveg dit.
Merke etter orkanen såg vi alle stader, men sant å seie var det behov for ei lita renovering. Når dei får rydda ferdig, blir det finare enn før. Der ute var det ikkje snø, og snøklokkene var komne fram, men der var ein iskald vind, som vi ikkje har her på Vallabøen.Nåv vi er på Lianeset, ser vi rett over til opninga til den undersjøiske tunnelen.
Kan de finne att Melshornet på dette bildet?

4 kommentarer:

solveig sa...

Under lyktestolpen? Det ser ut som det har vore eit klimaskifte frå i går til i dag, men det er vel helst skilnader innan bygda?

Besta sa...

Her på Vallabøen er det framleis like mykje snø som i går-men ein skal ikkje lenger enn ut på Setre før det er bert.

Hildegard sa...

Fine bilder. Her er det berr mark.

Hildegard sa...

Fine bilder. Her er det berr mark.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...