tirsdag, februar 07, 2012

Vermelding 7.februar - 2012


Klokka er 13.45. Temperaturen ute er +3 grader. Det er lettskya, fint ver, men ikkje så mykje sol som det var meldt på yr.no.
Nils og kjell for ut for å fiske i 9-10-tida, og kom nettopp att. Vi har nok sei nok til oss ei tid framover, men i dag skal vi ete suppe frå i går. Det varte og rakk før Nils kom heim med fisken og eg vart svolten og frostig. Eg har brukt mykje av føremiddagen til såkalla "kontorarbeid". Har skrive årsmelding for pensjonistlaget, blant anna. Ikkje akkurat noko å bli varm av.

2 kommentarer:

solveig sa...

Håper det vert fint ver i morgon når vi skal i Bondalen!

Besta sa...

Skal dokke det? Ja, eg trur det blir fint, men har ikkje sjekka yr.no

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...