onsdag, februar 08, 2012

Vermelding 8.februar - 2012

Klokka er 14.30, temperaturen er + 5 grader  og veret er strålande! Sola skin inn glaset ,så her er nesten for varmt inne. Trur den varmar for mange kilowatt.
I dag før middag var Nils til frisøren og klipte seg, mens eg vaska mitt hår. Så skulle vi ut i Rjåneshamna, for Nils skulle flytte båten til ei anna brygge. Den brygga han har lagt ved før, skal skiftast ut. Mens Nils styrte med dette, gikk eg ein tur på den asfalterte stigen som eg har skrive om før. Der ute er det heilt bert, og temperaturen var +5 grader. Men der var iskald, gjennomtrengande vind, så det var som om det var mangfoldige kuldegrader.
Etterpå var vi på Amfi og handla. Då vi kom heim gikk eg tur i lag med ei av naboane, mens Nils laga middag. Han koka småsei og brukte opp att sausen som eg laga sundag. Her kastar vi ikkje mat i utrengsmål.No har vi ete og skal ha ei lita pause med aviser og lydbok.
Her er den gamle bade-og soleplassen vår. Vi brukte å ligge på svaberget og sole oss på fine sommardagar, og bade kvar gong det vart for varmt.Ikkje særlig fristande i dag.

Her har Dagmar vore og øydelagt ei av "fiskebryggene". Det var Helsesportlaget som starta med å lage til dette området, slik at det også kan nyttast av rullestolbrukarar t.d. Lions overtok og fekk anlegget ferdig.
Der stigen sluttar står denne sittegruppa Her kan ein kose seg på fine dagar med å fiske og grille eller nyte medbrakt.
Vegen tilbake.

4 kommentarer:

solveig sa...

Utruleg flott på Bondalseidet i dag!

Hildegard sa...

Vakkert i båthamna dykkar.Her har det vore mykje vind i dag, men fint elles.I går var det fint,og Svein var på sjøen,men det vart ikkje fisk.I dag hadde vi "bacalao m/sei a la Nils", nydeleg.

Hildegard sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Besta sa...

Brukar du berre vanlig usalta sei i bacalaoen? Det er 1000 måtar å lage til seien på-men bacalao har eg ikkje prøvd.(Eg likar vanlig bacalao av klippfisk).

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...