onsdag, februar 29, 2012

Vermelding 29.februar - 2012

Klokka er snart 18.00. Temperaturen er + 6 grader, det eroverskya men opphaldsver.
Vi er nyss heimkomne etter ein tur til Straumshamn, der vi besøkte Margrete i nyehuset for første gong. Vi såg oss om både ute og inne, og vi likte det vi såg. Vi var ikkje sikre på vegen, men køyrde til Søvika og snudde, då fann vi fram så lett som berre det. Tomta er ganske skrå og grensar til utmark med skog og greier. Vegen , E 39, er rett nedanfor huset, men ikkje så nært at det er ei plage. Frå stova ser vi ned på Kilsfjorden og rett bort  i ei ikkje all for spennande fjell/ås-side.
Eg hadde ikkje med nokon presang til den nye heimen, ville først sjå kva som kunne vere aktuelt, men ein blomst hadde eg kjøpt med.
Likar å handle blomster hos Kine i Volda og det gjorde eg i dag, ho er veldig hjelpsom og har dessutan eit veldig godt utval i den vesle butikken. Ho har ikkje fylt opp med så mykje anna dill og dall, men held seg stort sett til blomster og potter.Blomsten står på bordet.
Erlend hadde besøk av ein kamerat frå Folkestad i dag, og Margrete steikte pannekaker i søkk og kav, noko som gjekk ned på høgkant både hos små og store.
Heim køyrde vi om Austefjorden og sjekka det nye vegprosjektet som er under arbeid, den såkalla Kvivsvegen.


Ingen kommentarer: