tirsdag, mai 17, 2016

Dagbok 2016: 17.mai


Klokka er snart 18.00.Temperaturen er + 10 grader C og det er overskya. Det har vore ein kald 17.mai, noko som vi er vel vande med på desse kantar av landet.
No gjer det ikkje så mykje for oss som kan halde oss inne heile dagen om vi vil- og det har vi gjort. Av eigen fri vilje. Hadde det vore varmt og fint kan det hende vi hadde valt annleis. Men 17.mai er ikkje den ultimate dagen for folk som har fotproblem.
Vi valde å vere heime og sjå på TV; pølser, is og brus har vi heime også.
Etter at vi hadde sett TV frå heile landet åt vi, og så la eg meg på sofaen og las ut boka mi. Nils somna også, for vi hadde sove dårleg sist natt begge to. Eg fekk ikkje sove i det heile, så då klokka var tre stod eg opp og åt to knekkebrød-eg hadde rett og slett lagt meg svolten. Ikkje farleg med ei våkenatt når ein ikkje skal på jobb eingong.
Trur Nils fann ein fotballkamp på TV i dag også- det er så greitt: han ser fotball, eg les bøker.
Var så syndig at eg vaska ei maskin klede i dag, men tørkar i trommelen i staden for å henge ut.
No skal eg snart sjå TV og strikke ferdig ein lest. Her er programmet det same anten det er helg eller yrke. Men jammen er eg glad for at det blir kvardag igjen, då kan vi no fare på butikken om ikkje anna. Vi må få kjøpt plantar til kjøkkenkassene våre - blant anna.
Håper alle har hatt ei fin feiring av grunnlovsdagen. Såg at det var nydeleg vêr mange stader. No er det så mange som har bunad. I min barndom og ungdom var det vanleg å få ny sommarkjole til 17.mai-og den tida var det jo alltid fint og varmt vêr. Såg ei på TV som hadde raud kjole med kvite prikkar-då vart eg litt nostalgisk.

Ingen kommentarer: