Klokka er 19.30, temperaturen er + 8 grader C, det er overskya, men opplett. Det er ikkje eigentleg sommarleg.
Dette har vore ein underleg og nokså trasig dag. Nils har lege heile dagen, er kvalm og svimmel, har ikkje lyst på verken mat eller drikke. Håper det er ein overgang, han var dårleg etter den førre behandlinga også, men kom seg til att.
Når han ligg strak ut, blir det ikkje gjort mykje av meg heller. Fekk no skrive eit lite avisinnlegg, hengt ut klede, bretta klede etc. Så var Marit og eg ein tur nedover, såpass eg fekk tak i bøker på biblioteket. Bøkene har eg rippa etc.etc. Handla litt matvarer også.
Var ut og hausta rabarbra før middag og kokte suppe. Nils plar like rabarbrasuppe, men i dag har verken han eller eg smakt på den. Det er ikkje så inspirerande å lage mat til meg sjølv når ikkje Nils vil ha noko, men det kan hende det er positivt for meg å ete mindre. Eg har altfor god appetitt.
Nils er litt betre no enn før i dag, men har det best i senga. Dagane er ikkje like- og best det er har vi ein god dag. Håper på det.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 15.juli
Klokka er no 19.43, temperaturen ute er + 21 graderC. Sola skin som ho har gjort i heile dag, men tidleg på morgonen trur eg det hadde reg...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar