torsdag, mai 19, 2016

Dagbok 2016: 19.mai

Ikkje ein løvetann å sjå !

Klokka er 19.00. Temperaturen er 12,9 grader C, det er sol og nydelig vêr, men kald vind.
No har vi vore og stemt NEI til samanslåing av Volda og Ørsta kommunar. Det har vore stort frammøte i heile dag, og det er bra, berre slik får vi eit demokratisk resultat. Nils klarte til slutt å kome seg opp frå senga, dusje og kle på seg, så no er han over det verste, for denne gongen, får vi tru.
Eg brukte føremiddagen til å ta "fredagsvasken", sidan eg skal på styremøte i pensjonistlaget i morgon.
Så tok eg kantklipparen ned på grensa til naboen og klipte mellom staudene våre. La merke til at der var ganske mykje løvetann i plenen, så eg sette i gang å ta dei opp med rot. Eg gav meg ikkje før eg hadde fått vekk alle, det vart nesten to bytter med løvetannrøter- og eg hadde ein vond rygg + hofte. Satsar på at eg blir bra igjen.
Tok meg ein pause på sofaen med lydbok. I dag leverte eg tilbake bøkene eg lånte i går, og lånte to til. Fekk melding på mobilen i dag. Greitt å ha ein liten buffer liggande på maskina.
I går var ein trasig dag, sidan Nils låg heile dagen, men i dag letna det. Og vêret er berre fantastisk. I morgon trur eg at eg skal klippe plen, om eg ikkje greier alt på ein dag.
No må eg visst ut og ta eit bilde frå altanen. Ein ting er litt dumt og det er at når det kjem lauv på trea i Olavsgata misser vi fjordutsikta.

Og plommetrea blomstrar.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...