lørdag, mai 21, 2016

Dagbok 2016: 21.mai

Innhaldet i garasjen vår vitnar om eit aktivt pensjonistliv.

Klokka har passert 20.30, temperaturen er + 18 grader C så no begynner det å likne på skikkeleg vår.
I dag har vi hatt ein relativt aktiv dag.
Først reiste vi til Volda og kjøpte oss trillebår. Den skal vi bruke når vi slår plen, slik at vi slepp å gå heilt ned i komposten kvar gong tanken er full, men køyre heile lass.
Sidan vi var i Volda nytta eg høvet til å kjøpe garn, føler meg litt tomhendt når eg ikkje har "spøt".
Det var ikkje så mykje mat vi trong, så eg stakk berre ein snartur inn på Bunnpris etter at eg hadde vore på apoteket.
Vi åt litt då vi kom heim, og så sette eg i gang å slå plenar. Brukte den elektriske klipparen og rakk å slå det eg nådde med ledningen på. Den andre plenklipparen har eg litt problem med -når eg må stoppe får eg ikkje til å dra den i gang med snora, i alle fall ikkje kvar gong. Eg vart nokså overoppheta til slutt, men då eg så på termometeret forstod eg at det ikkje berre var arbeidssveitte.
Mens eg klipte fekk Nils montert den nye trillebåra, med hjelp frå ein nabo. Vi naboane her omkring er ganske flinke å hjelpe kvarandre-og å ha omsut for kvarandre.Det synest  eg er veldig fint.
Solveig ringde og spurde om ho skulle komme innover og hjelpe oss med hagestellet, for ho skulle innover og handle likevel. Det takka eg nei til, vi vil gjerne klare oss sjølve så lenge som råd er. Og eg likar fysisk arbeid når eg greier det.
Men då ho spurde om ho fekk kome på besøk, vart det sjølvsagt ja. Ho kom og drakk kaffi med oss, og hadde med seg både blomster , syltetøy etc. Med seg ut att fekk ho jordbærplantar som Nils har dyrka fram av utskudd frå åkeren.
No blir det vel litt TV utover kvelden.
I morgon skal vi plante rosa geranium og blå lobelia i kjøkkenkassene-som så ofte før.

Dei kvit/ rosa tulipanane er nye av året


1 kommentar:

solveig sa...

Tusen takk for meg!
Dei rosa tulipanane er heilt nydelege!