søndag, mai 22, 2016

Dagbok 2016: 22.mai

Klokka er snart 19.30, temperaturen er ca +15 grader C, det er overskya med litt regn av og til.
I dag har vi hatt kviledag i heimen. Eg bytta på sengane før middag og vaska soverommet. Så sette eg på vaskemaskina. No heng kleda på snora, så tørkar dei vel i morgon, for då er det meldt opplett.
Eg laga middag av restar av lammesteik og saus som vi hadde i frysaren. Til dessrt hadde vi jordbær og fløte.Trur vi har ete meir jordbær hittil i år enn vi gjorde i heile fjor. Men dei norske kjem no ikkje før seinare.
Elles har vi sove middag både ein og to gonger. No ser Nils fotballkamp og eg har lydbøker. Har ikkje begynt på nytt strikketøy enno. No ventar eg berre på at det skal bli kvardag og opphaldsvêr såpass eg får klippe ferdig plenane. Nesten alle plenar i nabolaget er rosete og stygge i år, så eg snauklipper like godt, og håper at det kjem grønt og fint gras opp att. Det er lov å håpe.
Nils har planta i kjøkkenkassane, så no er vi i rute.
Det er meldt fint vêr heile veka, finast på onsdag, sjølvsagt, då vi skal ha pensjonistmøte. Det siste møtet før sommarferien.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...