mandag, mai 23, 2016

Dagbok 2016: 23.mai

Klokka har passet 18.00, temperaturen ute er + 12 grader og skodda lettar.
Eg vart rimeleg skuffa då eg stod opp i dag og såg vêret: Fotsid skodde og yr. Og eg som hadde gjort unna diverse husarbeid i går for å kunne gå rett på plenklipping i dag ! Og gledd meg til det! Sjekka vêrmeldinga hadde eg også- men å klippe SÅ vått gras, det gjekk eg ikkje.
Det hadde hopa seg opp med H-melk i kjøleskapet, så eg bestemte meg for å koke graut. (No viste det seg at to av pakkane var knapt halve.) Eg  fekk grauten på kok, slo ned plata og gjekk ut med boss. Og der møtte eg ei dame med hund. Ho går forbi her nesten kvar dag, og Nils brukar å prate med henne. Men i dag ar det altså eg-veldig hyggelig dame, forresten. Praten vart litt lengre enn eg hadde tenkt, og grauten hadde eg gløymt for lenge sidan.
Då eg kom inn att, hadde grauten kokt utover det meste av komfyren, og det lukta pyton på kjøkkenet. Panna, som eg kokte i, hadde fått eit ca 2 cm tjukt svart belegg i botnen ! Resten av grauten var fin og kvit- men smakte pyton. Nils låg på "day-beden" på datarommet og snakka med systera si i telefonen-elles hadde han vel kjent lukta.
Men når ein er passelig irritert, blir ein ofte veldig effektiv, og faktisk fekk eg etter kvart både rein omn og rein panne. Ny graut vart kokt i ei anna panne. Katastrofegrauten vart sett ut til kattane, og no fekk eg brukt opp nesten heile H-melk-lageret. Den nye grauten var god og vart middag i dag i lag med spekemat.
Og innimellom fekk eg klipt litt med den batteridrivne kantklipparen min, som forresten er berre noko herk.
Etter middag kvilte vi litt- eg med ny lydbok, og no lurer eg på om det kanskje kan bli såpass vêr i løpet av kvelden at eg kan klippe plen. Viss ikkje kan eg strikke på lesteparet som eg begynte på i dag. Det er meldt kjempevêr utover i veka, så no kjem sommaren. Trur eg.

2 kommentarer:

solveig sa...

Eg kjem av og til i noko eg kallar krigshumør. Då får eg gjort mykje.

Besta sa...

Det skjer med meg også-men ikkje i dag.

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...