tirsdag, mai 24, 2016

Dagbok 2016: 24.mai

Klokka er no 19.00. Temperaturen ute er + 13  grader C, det er lettskya og fint, men vi har ikkje hatt så mykje sol i dag. Vi har nettopp ete middag, så no er det rett før eg set på kaffien. Til middag i dag hadde vi steikt laks og ørret, begge delar små, og begge frå frysaren.
I dag har det stort sett dreia seg om ein ting, plenklipping. Eg begynte med plenane ovafor huset sist laurdag, men graset har vakse mykje etter den tid. Og det var vått i jorda og ganske tungt å klippe. Eg brukte den elektriske klipparen, men Nils var med og passa ledningen, så då går det bra.Ikkje særleg kjekt å klippe den tvert av. Det var til tider tungt, men eg greidde det, og det er ein siger for meg, enda om eg skulle få litt mein av arbeidet eit par dagar. Heilt perfekt er det ikkje i hagen enno, skal ha meg nokre runder med kantklippar også.
Etterpå dusja eg og vaska håret-ikkje ofte eg arbeider så sveitten silar-men eg likar det. Fleire i familien har bode til å hjelpe, men om eg greier det, vil eg ha denne mosjonen. Etter lunsj kvilte vi middag, vi er oppe lenge om kveldane !
Elles har det ikkje hendt så mykje i dag, men i morgon blir det pensjonistdag-og så er det ferie!Ja, eg må no skrive referat før eg er heilt ferdig med pliktene i laget.
Det er eksamenstid for mange i slekta og eg vil ønske studentane lykke til. Glad det ikkje er eg som skal til pers. Eg tok min siste eksamen i 1987, same året som Einar vart fødd og eg vart bestemor.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...