onsdag, mai 25, 2016

Dagbok 2016: 25.mai

Klokka er 19.15, og eg er nettopp komen heim frå pensjonistmøte. Det er strålande vêr ute, og temperaturen er + 16  grader C.
Ein av naboane ymta frampå om at vi burde ha pensjonistmøte kvar dag, for det er alltid fint vêr på møtedagane våre.
Føremiddagen vart kort i dag, for før vi var på Kulturhuset og laga i stand til møtet, var vi på torget og kjøpte poteter og henta songbøkene på Bakk-Ola.
Det blei tid til lunsj og ein liten middagslur på altanen før møtet- som tok til klokka 16.00. Nils valde å halde seg heime i dag;  han synest det er vondt å sitte på stolane der nede når det blir lenge. Men han køyrde meg ned og henta meg opp att.Elles kunne eg ha site på med Marit.
Det vart eit kjekt møte. Hovudprogrammet var det Per Jansen og dottera Ragnhild som stod for. Per fortalde om Hartvig Kiran, og han og dottera, Ragnhild, song nokre av songane hans. Meir vil eg ikkje skrive om den saka, for i morgon blir det å skrive referat før eg tek ferie for godt.
Det gjekk så fint med grasklippinga i går, heilt til eg hadde lagt meg. Då begynte det å verke skikkelig både i hofta og kneet, mest det sist. I dag har eg teke ein del smertestillande, men eg håper det går over om ikkje altfor lenge. Eg kjende ingen ting mens eg heldt på i går.
Nils har funne seg ein fotballkamp på TV, så eg får vel finne fram lydboka mi.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...