fredag, mai 27, 2016

Dagbok 2016: 27.mai

Klokka har passert 19.00, temperaturen er + 19 grader C og vi har hatt enda ein strålande dag. Ja, sola skin enno - sjølvsagt.
Vi har nettopp ete middag. I dag var det kokt småsei, sidan Nils og Gudmund var ute og fiska frå morgonen av. Det er lenge sidan sist han var på sjøen, men fangsten var ikkje så stor, eit par lyrar og rikeleg småsei. Nils var i storform heilt til vi var midt i måltidet-då vart han brått mett. Det kan no hende han finn litt å ete seinare i kveld. Det er uvant både for han og meg at ikkje appetitten er på topp.
Dei reiste på sjøen i 8-tida, og eg var glad for å få nokre timar for meg sjølv. Eg har knapt gjort noko husarbeid heile veka, så no var det behov for både vask og støvsuging m.m. Eg vart ikkje heilt ferdig før dei kom heim.
Elles har eg prøvd å sole meg litt på altanen, men no har eg fått eit nytt problem, eg får vondt både her og der når eg ligg på solsenga. Den er sikkert ikkje mjuk nok. Elles så har eg styrt litt i hagen , strikka litt, og gjort litt "kontorarbeid".
No slappar Nils av på sofaen, trur det vart litt travelt for han i dag, men hantek seg nok inn att.
Det skjer ikkje all verda når eg går her og surrar åleine, men i morgon håper eg vi kan ta ein tur og handle. Har ikkje vore på butikken på ei veke, så no minkar det på matlageret vårt.
Men først av alt skal eg ha ein kopp kaffi.
Ønsker alle ei GOD HELG.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 15.april

Alt av bilde som eg hadde på PC en er borte vekk, men eg er ikkje heil hjelpelaus, for bildet av blomstane frå i fjor låg ein annan stad på ...