søndag, mai 08, 2016

Dagbok 2016: 8.mai


Klokka er 19.15, temperaturen ute er + 20 grader C. Det har vore sol og fint vêr i heile dag, med unntak av ei litt meir skya periode i 14-15-tida. Det er ganske vanleg her. Temperaturen var max + 26 grader.
Vi har hatt ein veldig roleg dag, gått her og stulla litt både ute og inne, vatna blomster, rydda litt osb. Vi har også hatt eit par økter på solsenga.
Eg har sjølvsagt ei lydbok med meg då. Men no har eg kome borti enda ei bok av den typen eg ikkje likar. Det er krim, men med så mange personar og scenario at eg går heilt bananas. Eg HAR laga meg rolleliste med fire rubrikkar: Politi, Avis, Politikarar og Andre-så eg greier å halde ein viss oversikt. Handlinga skiftar heile tida frå den eine gruppa til den andre-noko som er ei utfordring når ein les lydbøker. Og så dukka det opp ei gruppe som eg ikkje hadde rekna med, nemleg "Klarsynte". Ja, no skal eg ikkje uttale meg om boka før eg er ferdig med den, men når ein les mykje krim er det vel ikkje til å unngå at ein føler at den eine boka er til forveksling lik den andre.
Til middag i dag hadde vi kjøttkaker i brun saus, dvs.restar frå onsdag.
No etter at eg kom inn att frå altanen har eg stroke ein haug med klede. Det vart så mykje klesvask denne veka og så god kletørk- og så er det alltid noko eg må stryke. Men eg likar å stryke, så det er heilt greitt.
Vi er ikkje gode til beins verken Nils eller eg, for tida, så vi held oss mykje i ro.
I morgon får vi besøk av Ingeborg, og det er kjekt. Reknar med at ho snart reiser tilbake til Oslo. Torsdag skal vi til Åse sjukehus igjen, Nils skal ha behandling nr.2 av 6. Og så har han time med legen. Vi tek bussen.
Har enno ikkje fått ommøblert på stova, så der er litt overfylt for tida. Skal sjå kva eg greier i morgon. Forresten har eg sett mange humler i dag, 5-6 på ein gong i eine ripstreet t.d.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 17.april

                Dette var pynten på "Vernet" i fjor. Det kjem vel ein likeins i år. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er + 9 gr...