mandag, mai 09, 2016

Dagbok 2016: 9. mai.


Klokka er 10.00, temperaturen er + 23 grader C, max temp i dag + 26 grader. Det har vore sol og nydeleg vêr i dag også. Måtte ta av meg strikkalestane ei lita stund for å nyte varmen.
Det første eg gjorde i dag var å "ommøblere stova slik at det ikkje såg heilt ko-ko ut. No står dei blå stolane på sin gamle plass og den nye reclineren på plassen til stresslessen osb. Dermed kan Nils sjå TV i tre ulike stolar og vi kan sjå TV på samme tid og stad.
Elles så laga eg røre og steikte pannekaker til Ingeborg kom bortom, i Lars sin bil i dag. Vi åt og prata ei lang stund, kjekt når folk har tid å stoppe litt. Ho reiser tilbake til Oslo på torsdag.
Etter at Ingeborg var reist, hadde eg ein liten jobb med å plante litt i potter og bed. Har ikkje kjøpt noko spennande enno, men hadde nokre potteplantar som skulle ut, og nokre som skulle plantast om inne.
Så vart det ei stund på solsenga med lydbok og ein tur over gata for å prate med Marit.
Det varer ikkje så lenge før vi må til å klippe plenar, men den flate plenen nedanfor huset ser heil forferdeleg ut-håper den livnar til etter kvart. Elles legg vi lista lågt når det gjeld hage- vi har ikkje anna val. Såg at dei raude rhododendronen til Solveig blomstra, og det er like før vår sprett ut også. Men torsdag blir det regn og kaldt..... Den tid - den sorg.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...