tirsdag, mai 10, 2016

Dagbok 2016: 10.mai

Klokka er 18.00, temperaturen er + 17 grader C. Vi har hatt enda ein fin dag med lette skyer og sol, men ikkje så varmt som vi har hatt det siste dagane. 
Eg fekk det føre meg at eg skulle vaske blomsterpotter, dvs. pyntepotter før middag. Då eg var ferdig med det, vart det plenklipping. No er her ikkje all verda med gras, særleg ikkje på plenen rett nedanfor huset, men ugraset har lett for å vekse, så det var best å klippe før det vart for gale. Eg brukte den bensindrivne klipparen, og det gjekk heilt fint, sjølv om eg måtte ha hjelp til å starte opp att etter stoppa. Så åt vi lunsj, og etterpå la vi oss ut på altanen. Eg somna som ein stein. 
Dei små plenflekkane ovafor huset klipte eg med den elektriske klipparen, mens Nils passa ledningen. Eg må nok fare over med kantklippar både her og der, men no er eg litt spent på korleis forma er i morgon, for dette er nokså uvant arbeid for meg. (Det er ei stund sidan sist vi klipte). Om eg ikkje får mein av det, så er det fin og nyttig mosjon.Og så er det kjekt å jobbe ute, for då kjem naboane og slår av ein prat.
No kokar Nils middag, i dag skal vi ha salta lange med gulrot og poteter. Ein rett vi aldri blir lei av.
I dag er det "Verdens aktivitetsdag"-men arrangementet på Bakk-Ola er lagt til fredag13.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...