mandag, mai 16, 2016

Dagbok 2016: 16.mai.





Ser de godt etter, så ser de meg i svart studenthue. Ingen brukar desse no lenger.


Her er Rasmus og klassen hans.
Desse bilda er frå då Solveig og Rasmus gjekk i småskulen, truleg 1. og 2. klasse. Solveig har blå boblejakke og raud strikkahue(Ho hadde tendens til øyreverk den tida)

Klokka er ca 19.00, temperaturen er +13 grader C så no er det leveleg ute. Tidleg i dag var det iskaldt. No kom eg nettopp inn att etter å ha rydda og pynta litt i garasjebeddet. Vi fekk ikkje planta noko til 17.mai i år, det har vore så kaldt om nettene at vi fann det ikkje tilrådelig. Ikkje så mange som går fobi huset vårt likevel. Vi skal nok pynte opp når den tid kjem.
Nils ville bort på terminalen og fiske litt i dag. Han seier at han fiskar til katten, men i dag vart det ingen fangst.
Men eg fekk huset for meg sjølv ei stund, så då nytta eg høvet til å støvsuge stova blant anna. Har vore litt låk både i hofta og kneet i dag, så eg har ikkje vore så aktiv.
Men eg laga i alle fall skikkelig middag. I dag blei det svinekotelettar med wok-grønsaker etc. Jordbær med fløte til dessert. Kjøpte to korger med bær på Coop til under 15 kr korga. Angrar på at eg ikkje kjøpte meir, for bæra var både fine og gode. Vi har snart ete dei opp.
Elles har eg lege på sofaen med ei lydbok som ikkje er så altfor bra, men det er den eg har.
For morgondagen har vi ingen planar, vi får sjå dagsforma an. Når ein har problem med føtene er ikkje 17.mai den beste dagen. 17. mai for meg var først og fremst å stille opp og gå i barnetoget, uansett vër og føreforhold. Aldri såg eg så mange kjende som den dagen- det var å helse til alle kantar, rope hurra og passe på at ungane gjekk der dei skulle. Litt av ein jobb, men kjekt!
I dag har Eivind på Kongsberg fødselsdag og fyller 14 år. Hugsar vi var der  ein gong han hadde bursdag og fekk ein frosk som "song". Hugsar ikkje no kva den heitte. Eivind er no ferdig med eitt år på ungdomsskulen- tida går så altfor for for oss som blir gamle.
Ønsker alle ein fin 17.mai !
Gratulerer med dagen, Eivind !



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...