torsdag, mai 12, 2016

Dagbok 2016: 12.mai

Klokka er 19.30, temperaturen ute berre + 7 grader, men med eit ørlite streif av sol.
Vi var tidleg oppe i dag og skodda låg fotsid utan at det regna. Regnet kom seinare.
Nils skulle til Åse på behandling, og vi skulle ta bussen som går frå Volda klokka 9.00. Men den var 10-15 min. forseinka så det vart hardkøyr for å nå ferja. Sidan ferja venta ei stund på oss kom vi med, men på Moa var det somme som fekk problem fordi bussen dei skulle vere med vidare hadde gått. Vi måtte også bytte buss på Moa i dag, det er ikkje vanleg, men vi kom i alle fram dit vi skulle til rett tid.
Det høyrest litt rart ut å seie det, men det er koseleg og triveleg på Kreftklinikken på Åse, særleg for dei som er friske. Dei som jobbar der er så avslappa, hyggelige og blide. Vi som er "pårørande" får følge pasienten både til lege og behandling; mat , kaffi og anna drikke står framme så vi kan forsyne oss. Ute i resepsjonen er det frivillige som steiker vaflar og serverer kaffi til alle som vil ha. Heldigvis har det gått bra med Nils hittil, han har no hatt to behandlingar av 6.
Vi reiste beine vegen heim att etter behandlinga, og sidan vi hadde parkert ved frikyrkja handla eg på Kiwi der. Måtte ha litt mat med heim. Måtte også bortom biblio etter ei bok, men utvalet var lite, så det vart enda ei krimbok-eller "krim-noir" som det står bakpå.
Til hurtig middag laga eg "spikersuppe"= 1 boks Trondhjem Sodd+ frosne lapskausgrønnsaker, pølsebitar og ein bulliongterning. Det smakte godt. Og til dessert hadde eg kjøpt jordbær med fløyte.
Det blei ein strekk på sofaen og reclineren etterpå - må ladde opp til MGP seinare i kveld. Får i alle fall håpe at Norge blir med!

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...