fredag, mai 13, 2016

Dagbok 2016: 13.mai

Klokka er snart 17.00.Temperaturen er + 8 grader, det er grått og regnfullt, heilt annleis enn vi har hatt det i det siste. 
Skulle så gjerne vore ute i hagen og ordna litt meir før alle helgedagane kjem, men det er for kaldt og vått. Då vi stod opp i dag låg det snø langt nedetter fjellsidene, men den snøen er borte no.
Det var greitt med ein innedag slik at eg fekk gjort litt husarbeid og vaska til helga. Vi skulle vel ha vore og handla også, men det utsette vi til i morgon, Nils er ikkje heilt i form etter gårsdagen, det er heller ikkje å vente.
I dag fekk han lyst på vår private vri på Pasta Carbonara  til middag, så då vart det det. Eg et kva som helst, så for meg er det det samme. Vår private vri er rett og slett ein skinkeboks i staden for bacon.
Etterpå var det pause og eg somna med lydboka mi, som vanleg. 
I dag skulle det vere Aktivitetsdag på Bakk-Ola, men der stod i avisa at det var klokka 1.00-og kva tid er det? Kanskje dei meinte klokka 13? Men det plar vere tidlegare på dag. Sidan Nils var ute av form, og sidan det var surt og kaldt, slo vi det heile i frå oss.
Det vart litt sløvt her i pensjo-heimen etter mange aktive dagar. No blir det ei veldig lang helg, med tre helgedagar på rad-tenk om det hadde blitt fint vêr ! 
Vil i alle fall ønske alle nokre gode dagar.
Plommetrea våre blomstrar trass kulden og regnet


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...