lørdag, mai 14, 2016

Dagbok 2016: 14.mai

Klokka er ca 18.30, temperaturen er+ 8 grader C og det har vore ein dag med mykje regn og litt sol. Eg var nettopp ut på altanen og tok bilde av utsikta, særleg med tanke på naboar som er ute og reiser. Ingen grunn til å lengte heim-i alle fall ikkje til vêret.
Vi har no hatt ein triveleg dag; Nils kviknar til etter kvart, og i dag vart det ein tur på Amfi. Der gjer vi det slik at han sit i kafeen mens eg handlar, og så kører vi varene ut til bilen i handlekorga. I dag gjekk eg heilt bananas og handla inn mat til mange dagar, best å vere på den sikre sida. Etter at vi hadde køyrt ut varene gjekk vi inn att i kafeen og kjøpte oss kake og kaffi, sat og prata med eit anna eldre par som vi kjenner. Vi møttte forresten mange kjende i dag, men etter  kvart som det leid ut på føremiddagen kom det meir og meir "utlendingar". 
Eg fekk litt problem med å orientere meg-kvar var det Heggum-huset stod, eigentleg? No er tomta parkeringsplass og den går i eitt med den som var der før. Men Mørebil-bygget som skulle vere rive før 17.mai står enno, om det no berre er eit tomt skal.
Etter at vi kom heim att har vi ikkje gjort stort anna enn å ete litt og kvile.
Nils tok ein liten tur bort på omsorgsenteret og besøkte Harald ei lita stund. Trur dei begge sette pris på det. Dei har hatt mange fellesprosjekt, dei to, gjennom mange år.
Eg møtte ei "gammal" kollegaveninne på Coop i dag og vi hadde ein lang prat.(Eg veit at Nils alltid finn nokon å snakke med ute i kafeen, så eg treng ikkje skunde meg for hans del.)
Vi kjem truleg til å halde oss heime både i pinsa og 17.mai. Å trakke rundt er ikkje det vi er best på, men finn vi det ut så kan vi ta oss ein liten tur.
Ønsker alle ei god pinse og ein fin 17.mai. Skulle ønske det vart litt varmare og tørrare, men no når eg verken skal gå i barnetog eller har andre plikter betyr det ikkje all verda for meg.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...