tirsdag, mai 31, 2016

Dagbok 2016: 31.mai


Klokka er 19.00, temperaturen er +15 grader C. Det er sid skodde og litt regn.
No har vi site i timesvis og venta på telefon frå Lefdal. Dei lova at datamaskina vår skulle vere ferdig før stengetid, klokka 19, men dei skulle ringe når den var klar. Vi har ikkje høyrt eit pip.
Så vart det enda ein ventedag. Først stod vi relativt tidleg opp og venta på reparatøren. Vi slapp å vente så lenge på han. Han tok ut den gamle boksen og ruteren, og sette inn ein ny boks.Ny kode fekk vi også. Og alt funkar no, telefonen også.
Vi såg på nye stasjonære maskiner på El-kjøp i går, men der var det bestilling og ventetid. Derfor reiste vi bort på Lefdal i dag, og der hadde dei maskiner på lager. Ein ung mann var veldig hjelpsom, og vi bestemte oss for ei som ikkje var altfor dyr. I tillegg kjøpte vi ei "teneste", dvs. renser dei maskina før vi får den. Renser den for reklame og program vi ikkje vil ha. Eit påliteleg antivirusprogram ligg også i pakken. Så har vi fri hjelp i to år, vi kan ringe butikken og dei løyser problema våre etc. No kan det hende dei lurte oss trill rundt, men vi kjem heilt sikkert til å få bruk for hjelp.
No er eg spent på om vi kan bruke skjermen, men den ser bra ut, og så lurer eg på om eg kan bruke samme printeren. Sist eg bytta maskin, måtte eg kjøpe ny printer. Det blir vel eit styr før alt er på plass, men leigebuaren vår har god peiling, seier han, så han kan hjelpe til.
Det har ikkje blitt gjort mykje i dag, eg har oppdatert blogg og facebook, laga litt middag, og så vidt vore ute i hagen og rydda litt. Innimellom har eg strikka litt og lese litt osb.
Eg måtte skrive til Møre-Nytt og etterlyse referatet mitt, men der har det vore redaktørskifte på gang, så innlegget mitt hadde falle ut. No kjem det på torsdag. Der var ein del info om ein dagstur vi skal ha i juni, derfor hasta det med å få det i avisa. Eg sende det torsdag tidleg på ettermiddagen- no fekk eg hyggelig tilbakemelding frå vise-redaktøren.
Blir litt tung i hovudet av all denne skodda, håper det er ein overgang, men har dårleg erfaring med Ørsta og skoddesommarar.
Så blir det vel ein ny ventedag i morgon.
Kjenner du att blomsten, Solveig? No blomstrar den for andre gong, denne gongen ute i beddet. Sjekk alle knoppane.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 22.april

No er klokka blitt 16.35 utan at det har hendt så mykje. Det mest dramatiske som har skjedd er at eg har prøvd å slette alle bilda mine på P...