Klokka er 23.15 og temperaturen er +15 grader.
Før middag var det opplett og varmt, men ikkje sol. Utpå ettermiddagen/ kvelden vart det voldsomt med regn igjen-og graset gror.
Det første Nils gjorde var å ringe til Tussa og så vart vi sittande å vente på at dei skulle ringe opp att - ventetida strikka eg ferdig ein lest. dei ringde omsider og vi fekk beskjed om at reparatøren skulle kome i morgon tidleg, han skulle ringe på førehand.
Så kom eg i gang med hagearbeid, eg klipte litt her og der med saks og så klipte eg plenen på nedsida og begge endane av huset. Bakken torde eg meg ikkje på i same rennet, nok er nok for gamle damer. Det var varmt og sveitten rann.
Så tok vi ein tur nedom biblio og henta ei bok dei hadde lagt av til meg. Så var vi bortom El-kjøp og såg på datamaskinar, og fann ut at den stasjonære maskina vår er 8 år gammal-tida går fort når ein er gammal. Der var bestilling og ventetid på nye maskiner.Vi kjøpte ikkje noko der og då.
Då vi kom heim att laga eg middag. Det vart fiskekaker med grønnsaker+ Pimpernellpoteter frå Starheimsvik.
Så skulle eg slappe av med den nye boka på Walkman-men det var så dårleg lyd at eg tok heller ei Knausgård bok eg hadde liggande-også den på MP 3.
Solveig sende melding frå Gardermoen, der ho er på kurs.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...

-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar